mandag 25. august 2008
Nytt blomstrande år :)
Hei og hå igjen!
Då er me kome inn i eit nytt år som A2 studentar. Det har skjedd nokre forandringar i høve årets blogg, noko som er grunnen til at me har fått i oppgåve og laga ein ny. Sist år fekk me konkrete tema me skulle blogge om, og forjupingsdelen var nok ikkje det klassen konsentrerte seg mest om, berre innlegga vart skrevne.
I år er det andre retningslinjer for korleis me skal forma og skriva bloggen vår. For det fyrste skal me blogge fram til jul. I laup av desse knappe fem månadane skal det skrivast fem fordjupingsinnlegg. I faget pedagogikk skal me sjølvsagt lære om fleir emner, men det er opp til meg som student og velje fem av emnene og fordjupe meg i dei. Eg ser fram til denne arbeidsforma, og trur me som studentar vil dra nytte av gode studievanar, mykje lesing og diskusjon. Det å gå djupare inn i emna bør også gi mogleikar for meir læring.
Dette året skal me ha praksis i småskulen, det vil seie 1, 2, 3 klasse. Det vil bli utfordrande og spennande. Det er ei yngre målgruppe me skal arbeida med no i høve til i fjor. Det er også danna nye praksisgrupper. Eg kjenner allereie at det kriblar litt i kroppen etter å kome ut i praksis igjen og oppleve elevane på nært hold. Sidan elevane er berre små born, blir utfordringa å få dei til å fungere i lag med andre, fokusere på arbeidsoppgåvene og skape motivasjon. Det blir også spanande og lære om den "gode elevsamtalen ", korleis me går fram med så unge elevar, og kva utfordringar det er viktig å tenke på. Eg har sjølv berre arbeida med elevar frå 5-10 trinn før, noko som gjer dette året ekstra spanande for min del. Eg gledar meg!
H.H
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
1 kommentar:
Det var positive tonar til innhaldet i pedagogikkfaget i det nye skuleåret. Stå på, og lukke til med blogginga!
Birgit :-)
Legg inn en kommentar