onsdag 15. oktober 2008

Elever med ADHD

Elevar med ADHD

Dette var eit tema eg har venta lenge på å skrive om. Igjennom mitt år som assistent på ein skule, og som vikar, har eg måtte hamla opp med tre-fire elevar med ADHD. Problemet med mi handtering av desse elevane, var at eg ikkje hadde kunnskap om diagnosen. Elevane kunne rett og slett ved nokre tilfelle ikkje konsentrera seg eller sitje i ro, og dei fekk meir kjeft enn det dei skulle fått. Etter å ha lese om AD/HD veit eg no at elever som har det, må konsentrere seg om å halda seg rolig, noko som tek merksemd og verkar utmattande. Er ikkje rart ein vert sleten! Elevar uten AD/HD skal i utgongspunktet ikkje bruke krefter på dette. Hadde eg visst korleis elevar med ADHD opplever omgivnadane rundt seg, hadde eg nok handtert ting annleis, og vil kome nærare tilbake til dette på slutten av innlegget. Eg tykkjer ei skildring frå ein amerikansk tenåring skildrar kjensla av diagnosen veldig godt; « ADHD er som å ha 13 TV- kanalar på full styrke rett inn i hjernen samstundes – og ha mista fjernkontrollen!» Me treng med andre ord å ha kunnskapar om ADHD, for å prøve å forstå situasjonen frå eleven si side.

ADHD står for Attention Deficit-Hyperactivity Disorder (www.apotek1.no) Skråstreken i AD/HD indikerer at ein kan ha primært merksemdssvikt, eller primært hyperaktivitet, eller ein kombinasjon av desse to. Eg vil komme nærare inn på dette seinare i innlegget mitt. Denne diagnosen er fyrst og fremst kjenneteikna ved svært urolig atferd, impulsivitet og store konsentrasjonsvanskar. ( Iglum Rønhovde 1997) Kva symptom som er mest framtredande varierer frå person til person og med alderen. Felles for alle er det at ADHD kan gi vanskar i heimen og I høve til skulegong eller arbeidsliv. Eg vil fokusere på det som er aktuelt for oss som lærarar, og det er elevar, men ta det med ei klype med salt om eg snakkar litt generelt.

Kva skjer i kroppen når ein har AD/HD?:
Diagnosen oppstår fordi det er ujamn overføring av signaler mellom cellene i hjernen (
Iglum Rønhøvde 2008) Cellene sender signaler til kvarandre i eit kjempestort nettverk av mange millionar celler. Signala er elektriske impulsar som sendes mellom cellene ved hjelp av signalstoff. Problemet for ein med AD/HD er at signalstoffa gjer jobben sin på ein ujamn måte. Nokre gonger flyter signala fint frå celle til celle, og andre gonger vert signala sendt i rykk og napp. Dette gjer at kroppen svinger i humør, merksemd, raustlausskap, innsats, tolmod og tempo. Me kan såleis forkorte dette og seie at AD/HD fysiologisk sett er: Ujamn overføring av signalar mellom cellene i nettverket.

Årsåk:
Årsaken til AD/HD er ukjend, men arv er ein sentral faktor. Over 60-80 % av tilfella er genetisk betinga. Miljøfaktorar og komplikasjonar under svangerskap og fødsel kan også vere årsaker til AD/HD.
(www.apotek1.no)

Kven er mest utsatt?:
Omtrent 3-5% av norske skuleborn har ADHD (
www.apotek1.no). Dei vil seia at det i gjennomsnitt er eit barn med ADHD i ein skuleklasse med 20 born! Det viser seg at gutar får diagnosen meir enn jenter. Jentene viser ofte mindre utagerande åtferdsproblem på barneskulen, noko som gjer at dei kan vere vanskelegare å oppdage. Det kjem også fram at det er jenter som får dei største utfordringane i tenåra. Ein antar at det er 2-3 gonger så mange gutar som jenter har AD/HD.

Symptomer på AD/HD:
Impulsiv: Når hjernen ikkje kan bruke signala, vert det vanskeleg å halda på ein plan. Ein med AD/HD kan difor vera impulsiv. Hjernen vil ikkje alltid vurdere på førehand kva som skal skje, og korleis ein skal reagere. Me har vel alle høyrt utrykket «kort lunte». Nokre har ikkje «lunte» i det heile tatt, og reagerer på direkten. Vanleg for eleven kan vere at han ikkje venter på tur, avbryt mykje, forstyrrer, og vert sint for ingenting (Iglum Rønhovde 2008) Eg opplevde i praksis ei jente i 1.klasse som hadde praksis. Ho gjekk ofte hardt i elevane med skuldra slik at dei fekk vondt. Ho visste ikkje kvifor ho gjorde dette.

Hyperaktivitet:
Er ofte rastlaus med hender og bein, og vrir seg på skulen. Ein kan også ofte byrje å forlate plassen sin i klasserommet eller i andre situasjoner der det vert forventa at ein skal sitje rolig. Eleven vil også ha problem med å delta i lek eller fritidsaktivitear på ein rolig måte. Dei styrer meir, pratar meir og kan bli voldsomme. I dialog med lærar er det vanleg at dei svarar før spørsmål frå lærar er ferdigstilt, og vil ha problem med å vente på tur. ( Iglum Rønhovde 1997)

Lav toleranseterskel, kort lunte, hyppige temperamentsutbrudd og aggresivitet er åtferdsforstyrringar me som lærar ofte forbinder med AD/HD. (Iglum Rønhovde 1997). På ei anna side kan også desse barna også vise mykje ømhet og hengivenhet. Som regel er dei veldig merksemdkrevjande enten dei viser positiv eller negativ åtferd. Det er alltid «her og no» som gjeld, og som oftast har barna seg sjølv i fokus – å utsetja behovstilfredsstilling er ikkje noko dei meistrar særlig godt. Her ligg også den impulsstyrte åtferda; Vegen frå tanke til handling er så kort at der nærast går på direkten. Å reflektere over kva som kan blir konsekvensen av den aktiviten ein er i gong med, er svært vanskeleg for den som føreheld seg til «nuet» og sjeldan inkluderer fortid og framtid i sine vurderingar. ( Iglum Rønhovde 1997)

Åtferda i dei to punkta ovenfor er klare kjenneteikn på ein som har AD/HD. Men om ein elev har to av kjenneteikna, betyr det at han har AD/HD? Det er viktig å ikkje konkludere for tidleg, og heller vere bevisst på varighet, frekvens( kor ofte det skjer ), og grada av avvik som skal til før ein tykkjer atferda er eit mulig symptom på AD/HD.

Korleis kan me diagnostisere ein elev med AD/HD:
AD/HD er ikkje ein vanleg sjukdom, ein kan ikkje ta med eleven til legen, ta ein sjekk, og få svar om den er positiv eller negativ. Det er meir omfattande enn som så, og viktig for oss som lærarar og tenkje på, før me let PPT gjere jobben. ( Iglum Rønhovde 2008)

Kva gjer me? : For den som vil tilnærme seg ein mulig diagnose er det viktig å tenkje å finne ut korleis barnet eller ungdommen var som liten. Fleire av åtferdsbeskrivingane i symptomlista er typisk åtferd hos småbarn. Difor kan det vere av stor betyding å intervjue føresette og førskulepersonell ( Iglum Rønhovde 2008).

Det kan vere lurt å tenkje på om problema hos eleven berre skjer i ein spesifikk situasjon, eller eit fag. Då har ikkje eleven AD/HD. Om det derimot viser seg at problema er gjennomgåande, og opptrer på dei fleste av barnas arenaer, kan vi vere inne på noko! Eit diagnosekrav er også at avviket må vere klinisk signifikant. Med det meiner ein at avviket må vere av ein slik grad at det kun er svært få personar i den gruppa ein samanliknar med, som har same grad av avvik. ( Iglum Rønhovde 1997)

AD/D?:
Det finns også ei non-hyperaktiv undergruppe av elevar som har AD/D. Slike elevar vil også vere avvikande i sitt åtferdsmønster. Omgivnadane (oss ), kan ha ein tendens til å ikkje leggje godt merke til det, sidan desse elevane vert meir ein problem for seg sjølve enn for andre.
( Iglum Rønhovde 1997) Konsentrasjons- og merksemdvanskane kan vere dei same. Mens den hyperaktive handlar utover og reagerer på alle impulsar, vil dette imidlertid gå den non-hyperaktive eleven hus forbi. Det blir med andre ord lite eller ingen handling. I denne kategorien finn vi dagdrømmarane, de kan kanskje oppfattast som «dei snille og stille» og kanskje ha «tungt for ting». Problemet i motsetning til den hyperaktive eleven, vil i dette tilfellet at dei ikkje legg vekt på pedagogens merksemd i det heile tatt. Difor er det viktig å følgje med, og sjå dei! Samstundes henger den non-hyperaktive eleven med faglig, så vidt det er. Det er ikke alltid slike elevar får den hjelpa dei treng for å meistre vanskane sine, fordi dei sjeldnare vert sendt vidare til instansar som kunne ha avdekka AD/HD og gode evnemessige ressursar som ikkje er utnytta ( Iglum 1997 ). Det kan vere meir formålstjenleg å sende dei til utredning, enn å ikkje gjere det!

Behandling:
Det finnes mediser for AD/HD som Ritalin og Concerta, men det er andre måtar ein kan førebyggje! For at hjernen skal fungere best mogleg, er det viktig at me som lærarar har peiling på om den aktuelle eleven får nok søvn, et nok og til riktige tider, og ikkje får i seg for mykje sukker. Ein sunn livsstil er viktig!
( Iglum Rønhovde 2008)

Tilrettelegging:

  • Ta utgongspunkt i motiverande faktorar. Finn ut kva eleven er interessert i, og korleis du kan bruke dette i undervisninga. Dette vil vere ei kjempeutfordring, og utfordrar oss til kreativitet.

  • Mestring er ein svært viktig. Eleven må vite at han meister dei oppgåvene han vert gitt. Nytt stoff bør kome i små dosar. Lav terskel og auk vanskegraden i takt med meistringa.

  • Forutsigbarhet og oversikt, er viktig for å skape og oppretthalde motivasjon

  • Oppøving i sjølvstende og ansvar for eige arbeid. La eleven få sjølvtillit og bli stolt av seg sjølv!

  • Det kan vere lurt å samle på gamle oppgåver og gode produkt, som konkrete «bevis» på framgong. Vis eleven at du bryr deg!

  • Loggbok. Ein kan opprette loggbok mellom skule og heim, der ein daglig sender kvarandre ei positiv melding, om noko konkret eleven har gjort bra og som han er nøgd med.

Hjelp:
PPT står for Pedagogisk Psykologisk Teneste. PPT kan foreta ein omfattande og grundig utgreiing om eleven, og vil saman med lege, kunne bli einige om ein elev har diagnosen AD/HD.

Eg vil avslutte med å løfte fram mi meining om at den største utfordringa med elevar som har AD/HD i ein klassen sin, kanskje er toldmod. Me trur kanskje eleven kan skjerpa seg, eller ta ting til seg og forstå, men dei kan ikkje det! Me må som lærarar planlegge, følgje opp, og legge til rette undervisninga slik at det kjem dei så mykje gode som mogleg.

Kilder:

Iglum Rønhøvde, Lisbeth (2008) « Ti tanker i hue» , InfolitenBOK

Iglum, Lisbeth (1997) «Kan de ikke bare ta seg sammen», Ad Notam Gyldendal

www.apotek1.no " ADHD "

4 kommentarer:

Maria sa...

Hei Håvard!

Du har skrevet et bra innlegg om AD/HD, og det er tydelig at du har satt deg godt inn i diagnosen. Jeg har kommentert et annet innlegg om AD/HD tidligere, men lærte likevel noe nytt av innlegget ditt.

Det er som du sier viktig at vi som lærere har kunnskap om denne diagnosen slik at vi kan tilrettelegge for elevene med AD/HD. Fint at du har tatt med konkrete tips om hva vi som lærere kan gjøre.

Du har tatt med kildene dine helt til slutt, men jeg savner litt flere kildehenvisninger underveis i teksten... Innlegget var oversiktelig og lett å lese, men det kunne blitt enda bedre hvis du hadde hatt med litt bilder/illustrasjoner. Bare som et lite tips :-)

Ellers var det en setning jeg stoppet litt med: "Eg opplevde i praksis ei jente i 1. klasse som hadde praksis." Mener du ei jente som hadde AD/HD?

Til slutt vil jeg bare si at jeg er helt ening med deg at det er bedre å sende elevene som kan ha AD/HD til utredning, enn å ikke gjøre det! Lykke til videre med bloggingen :-)

Maria

Gunnar sa...

Hei sveis!

Synest du har skrive eit godt og reflektert innlegg ang. AD/HD. Eg har ikkje sett meg inn i dette før og synest det var nyttig å lese det du hadde skrive om det. Særlig beit eg meg merke i det med non, hyperaktive ungar. Dei er kansje lette å gløyma slik som du seier.

Det eg synest du kunne skrive meir om er korleis ein som lærar bør jobbe med slike elevar. Du har nemnt det ja, men eg synest det blei litt kort og stikkordsmessig i høve til resten.

Vidare så stussar eg litt i høve til noko av språkbruken din enkelte plassar. "Hamla opp med elevar" "Fekk kjeft" For ein uvitande vil dette kansje høyrast litt drøyt ut? Ein setning eg stussar litt på var og der du skreiv:" Betre å senda til utredning en å ikkje gjera det" Enig med deg her, men skulle kansje utdypt dette litt meir. Kor går grensa? Enig med Maria att du må vise meir til kjeldene dine. Litt vanskelig å halde orden på kor du har henta ting.

Men som sagt eit godt innlegg, som kan bli enda betre med litt finpuss:)

Håvard Haga sa...

Hei Maria!

Eg har no teke inn fleir kildehenvisingar, så det skulle vere i orden!

Du skreiv: Eg opplevde i praksis ei jente i 1. klasse som hadde praksis.

Fint at du fant skrivefeilen her, eg har no retta det til " Eg opplevde i praksis ei jente i 1. trinn som hadde AD/HD ")

Håvard Haga sa...

Hei Gunnar!

Eg har no lagt til fleire henvisingar i innlegget.

Eg har lagt ut ein del tips og viktige faktorar for ein lærar å tenkje på under "tilrettelegging". Sidan du bedde om det, kan eg utdjupa desse punkta litt meir, slik at du forstår.

Mestring er ein svært viktig. Eleven må vite at han meister dei oppgåvene han vert gitt. Nytt stoff bør kome i små dosar. Lav terskel og auk vanskegraden i takt med meistringa:
Ein lærar ,å passa på å ikkje gå for raskt igjennom fagstoff, eller kreve at elevar med AD/HD skal fullføre oppgåver like raskt som alle andre. Det bør føregå ei tett oppfølging, det eleven etter å ha meistra ei oppgåve, får ei ny oppgåve som er ausa berre litt i vanskegrad.

Forutsigbarhet og oversikt, er viktig for å skape og oppretthalde motivasjon:
AD/HD elever bør vite kva dei kjem til kvar dag. Difor skal skulen vere ein forutsigbar arena. AD/HD elvar, har problem med hukommelse og uryddighet, og difor treng dei forutsigbarhet og oversikt, for å skape ro i tilværet deira. Med dette meiner eg at dei same rutinane skjer kvar dag, faga går til same tider og dagar, og læraren behandlar elevane rettferdig.

Oppøving i sjølvstende og ansvar for eige arbeid. La eleven få sjølvtillit og bli stolt av seg sjølv!:
Ros og anerkjenning er viktig. AD/HD elevar treng å vite at dei er flinke til noko, og kanskje blir konsentrasjonen betre av dette. Det å spele på emner som intesserer eleven, kan vere med på å skape eit "eigendomshøve" i arbeidet til eleven, og få han til å jobba meir sjølvstendig med arbeidet. Difor er det også viktig med tett oppfølging og god dialog med den aktuelle eleven, slik at ein veit kva strenger ein skal spele på.

Det kan vere lurt å samle på gamle oppgåver og gode produkt, som konkrete «bevis» på framgong. Vis eleven at du bryr deg!:
Eg har navnt at AD/HD elevar har problem med hukommelse. Dei hugsar gjerne ikkje kva dei laga veka før. Difor er det lurt at vi som lærarar tek vare på produkt eleven har laga, og kan visa til dette, om eleven har lav sjølvtillit ein gong. Eleven får "bevis" på at han faktisk kan, og sjansen for motivasjon er større.

Loggbok. Ein kan opprette loggbok mellom skule og heim, der ein daglig sender kvarandre ei positiv melding, om noko konkret eleven har gjort bra og som han er nøgd med.:
Tett oppfølging er krevjande, men utruleg viktig. Det er ikkje berre på skulen ein kan førebygge og hjelpe til med AD/HD eleven. Ein kan samarbeide tett med heimen, slik at eleven opplever forutsigbarhet i heimen også! Om foreldra også er bevisst på ros og anerkjenning, og ikkje ta for "store steg" i krava, trur eg ein AD/HD elev kan utvikle seg i heimen og på skulen!

Håpar svaret hjalp deg til å forstå korleis me som lærarar kan tilrettelegge på ein betre måte.