onsdag 3. desember 2008

Klasseleiing

Å vere lærar kan vere spanande, utfordrande og til tider ein krevande og vanskeleg jobb.

I einhetsskulen skal alle barn få rett til å få eit tilpassa undervisningstilbod I den vanlige klasseromskonteksten saman med sin lærar og sine klasseromskameratar. Skulens utfordring blir følgeleg å leggje til rette for eit inkluderande fellesskap som ivaretar alle varn og unges læring og utvikling “ ( L-97).

Sett i samanheng med det som er skissert ovenfor, må læraren, alle klassar og I alle dag ho underviser i, til einkvar tid jobba mot mange forskjellige mål.Prinsippet og kravet om tilpassa opplæring innebærer at læraren må vera observant i høve til kvart barns individuelle behov. Skal læraren ha moglegheit til å jobbe målretta i ein slik samansatt og mangfoldig arena, er det viktig at ho har oversikt, at ho leier, strukturerer og organiserer klassen ho har ansvar for.

I høve til det eg tykkjer er eit tilnærming mot god klasseleiing, vel eg og bruke eit forskning gjort av Torill Moen (Petterson & Postholm 2004), der ho i ein lengre periode obsververte og hadde intervjuer med ein lærar som hadde vore 20 år i yrket.

Reglar og rutiner, «Handtering av elevanes åtferd:

Doyle (1977) hevder at klasserommet er prega av fleirdimensjonalitet. Ved sidan av av å undervise i fag må læraren takle både klassen som heilhet og som enkeltindivid. Ho må etablere rutiner og ha oversikt over materiell og utstyr. I tillegg foregår det mange prosessar og hendingar som ikkje naudsynt har nokon indre samanheng. Alle desse prosessane er i interaksjon med kvarandre i den forstand at avgjerder som blir tatt vedrørande eit høve, verkar inn på dei andre.

«Ein av strategiene til å lede klassen og beherske klasseromskompleksiteten, er å ha bestemte rutiner og klasseregler» (Petterson & Postholm 2004). Når elevane kjem inn i klasserommet, veit dei at dei skal ta av seg skoa og yttertøy i garderoben utanfor, og at dei skal sette frå seg ranslane sine ved pulten sinm før dei set seg i samlingskroken. Studier viser (Petterson & Postholm 2004) at gode lærarar får med seg klassen og utarbeidar reglar og rutinar umiddelbart når skulen byrjar igjen etter sommarferien. Læraren som Moen (Petterson & Postholm 2004) henviser til hadde eit klassemøte med elevane der hovudtema var klassereglar. Ho ville dei skulle tenkja høgt korleis dei ynskja oh ha det i klassen i det komande skuleåret. Dei skreiv ned 3 ting kvar etterpå, og til slutt valte dei 5 av alternativa sjølve. Klassens reglar vart forma slik:

For elevane:
Rekk opp handa
Lytt når andre elevar snakkar
Høyr på det læraren seier
Jobbe utan å forstyrre andre
Vær mot andre slik du vil dei skal vera mot deg

For læraren:
Ver rettferdig og bestemt
Ver snill og snakk med roleg stemme

Petterson & Postholm (2004)

Det er interessant å sjå at elevane også var med å lage reglar for læraren, noko eg tykkjer verkar som ein god ide. Viss læraren gjer som ho skal, føler elevene at dei må følge sin del av avtalen også. Det å lage klassereglar i fellesskap, gjer også at elevane får eit eigendomshøve til korleis dei vel og ha det i klassen, og vil såleis stimulere til meir ansvar for elevane.

Rutiner er også utrulig viktig i klassen, og kjem under kategorien Petterson & Postholm (2004) kallar for handtering av elevanes energi, noko eg tykkjer var ei god beskriving. Elevane har med seg masse energi når dei kjem inn i klasserommet. Ein måte lærarar kan bruke for å handtere denne energien er at dei deler opp aktivitetane. I høve til Moen si forskning, kom læraren opp med «Dagens plan» kvar einaste dag. Den viser barna kva dei skal gjere i laup av dagen, og når dei skal jobbe med dei forskjellige aktivitetane.

Dagens plan:

Lyttekroken
Pluss s. 100-101
Lyttekroken
Vi lager fortelling
Friminutt
Mat
Lyttekroken
Georgrafi

Læraren meiner at det er viktig at alle skal vite kva dei skal gjere og korleis dei skal jobbe når dei går tilbake på arbeidsplassane sine. Dette frigjer ho, slik at ho kan hjelpa dei som eventuelt har problem med å kome i gong, og hjelpa dei som treng veiledning undervegs. Forklaring, gjennomgong og eventuell modellering skjer difor medan klassen er i lyttekroken (Petterson & Postholm 2004) Det denne læraren presiserer og som eg tykkjer er utrulig relevant spesielt i småskulen, er at barna ikkje skal halde på med ei oppgåve for lenge. Ho meiner at det å dele aktivitetar opp, er ein strategi som hjelp barna å fokusere på det dei held på med. Det å dele opp aktivitetar på denne måten, som «Dagens plan» er satt opp i, kan bidra til å gjere at barna er merksamme og konsentrert om det dei skal halda på med. Dette skapar derimot også eit dilemma for læraren i nokre situasjoner. Eit dilemma er knytta til det å ta barna vekk frå ein aktivitet dei er interessert og oppteken av. Enkelte er ikkje ferdig med det det skal gjere, og vil gjere seg flid med arbeidet. Nokon kan på ei anna side vere ferdig med arbeidet for lengst, og vil gå vidare til neste oppgåve.

Tryggleik og forutsigbarhet:

I til Moen si forskning (Petterson & Postholm 2004) kan fleire av borna i klassen ha det vanskeleg og til tider kaotisk i heimen. Nokon av dei veit ikkje kva som vil dei når dei kjem heim etter skuletid. Derfor er det viktig at barna skal oppleve at skulen er trygg og forutsigbar. Det at Dagens Plan vert fortalt og skrive opp på tavla, bidrar til å gjere skulekvardagen meir forutsigbar enn den ellers ville vore.

I høve til klasseleiing,er (Petterson & Postholm 2004) opptekne av ein tredje kategori under vudering av ein lærar. «Handtering av interaksjon med borna» kjem blant anna til syne, i det eg har teke opp med klassereglar som elevane laga til læraren. Dette er eit relativt nytt fenomen, og det viser oss at det ikkje berre er læraren som skal ha forventningar til elevane, men elevane skal også kunne ha forventningar til læraren. (Petterson & Postholm 2004)

I høve til Moen si forskning (Petterson & Postholm 2004) kom det fram kor viktig lærarens anerkjennande haldning, hennar vennlige og respektfulle måte å kommunisere på kom til syne når ho snakka med kvart einskild born. Me har alle som studentar høyrt kor viktig det er å «gå ned på bornas nivå». Det er heller ikkje å legge vekk ifrå at etter 20 år i læraryrket har meir grunnlag for empati med elevane, og interaksjonen med dei vil såleis kunne bli enda betre. Det er nok spesielt dette punktet som er eit uromoment hos mange studentar, inkludert meg sjølv. Me tenkjer gjerne : « Kva skal i gjera i ein slik situasjon? Eg veit ikkje korleis eg skal løysa ei slik konflikt! « osv... Med 20 år i ballasten har ein opplevd såpass mange situasjonar at ein er trygg på dei fleste situasjonar, og kanskje viktigare, denne tryggleiken speilar tilbake på elevane.

Petterson & Postholm 2004 peikar på kor viktig det er for oss som lærarar å tenkje på korleis elevane oppfattar oss. Desto meir ro, kontroll og vennlegdom ein lærar viser utad, desto meir av det same får ho igjen. Om ein lærar kjefter og smeller, får ho kjefting og smelling tilbake. Lærarens «stemme» er eit redskap me skal vere bevisste på, og det må vere smurt saman med bodskapet, situasjonen og formen.

Løkensgard Hoel (Petterson & Postholm 2004) set godt ord på kor viktig klasseleiing er for elevane.
«Gjennom faget arbeider ein og med generelle didaktiske aspekt, ein byggjer opp klasseromskultur, læringsmiljø, strukturar, og ein praktiserer klasseleiing. Og, omvendt, gjennom klasseromskulturen og måten ein leier klassen på, arbeider ein med faget». Han peikar også på at klasseleiing aldri skjer i eit vakuum. Ein vil heile tida finne element ein kan forandre på, for å effektivisere undervisninga. Eg vil også trekkje fram klasseleiing i høve til bestemte fag. I naturfag vil introen til timen vere annleis enn introen til musikktimen. Slik som Birgit starte året vårt med musikk, lys og varme, reflekterte det godt starten for 1-3 trinn i småskulen. Det reflekterte også at pedagogar skal vere bevisste i korleis me påverkar borna i positiv retning, og korleis klasseleiing såleis kan gjerast på generell basis ( rutiner og reglar i klassen) og på meir spesifikk basis ( tilpassa det bestemte faget ).

Relasjon med elevane:

I tråd med klasseleiinga er det viktig for læraren å ha oversikt over alle elevane for best mogleg å tilrettelegge undervisninga. Då er det viktig å ha ein god dialog med kvar einskild elev. Eg skal ikkje gå innpå dette som ein «elevsamtale» for det er eit vidt og djupt emne, men trekk det fram som eit naudsynt komponent for å fungere som ein god klasseleiar. O.Halland (2005) legg vekt på at dialogen mellom lærar og elev skal vere autentisk (ekte) og vidare vert tillit bygd ved å:

  • Skape forutsigbarhet

  • Legge vekt på pålitelighet

  • Utvikle felles mål

  • Utvikle personlig tillit

  • Demonstrere faglig kompetanse.

Eg vil til slutt trekkja fram eit flott dikt i høve til avsnittet ovenfor, det er utrulig verdifult for oss som komande lærarar å ta med oss ut i yrket.

Budbringere

Det første tegn på indre varme

Er smilet.

En frossen sjel kan ikke smile

Smilets følgesvenn

Er latteren

Den har sin rot i hjertet

De som bringer bud om

Forandringene

Er øyenene

De kan aldri lyve

( Pamela Hill Griffiths )


Kjelder:

O.Halland, Geir, 2005, "Læreren som leder ", Fagbokforlaget
Petterson,T & Postholm M.T, 2004, " Klasseledelse " Universitetsforlaget


3 kommentarer:

Anonym sa...

Hei Håvard:)

Jeg må si meg enig i at rutiner er viktig for at klassen skal fungere. Jeg synes innlegget ditt var spennende og relevant. Du skriver bra og strukturert.

Line

Camilla sa...

Hei!

Dette var et fint innlegg syns jeg. Var kjet å lese om noe som en som lærer bør tenke nøye gjennom. Jeg syns selv at dette med klasseregler er veldig viktig og jeg syns det hørtes ut som en smart ide å la elevene være med å lage reglene og at de også lager noen regler som læreren ska følge.

Jeg syns og at det er veldig fasinerende å seg hvor avhengige barn blir av en "Plan for dagen". Når vi var i praksis på 1. trinn så vi at det skulle ikke mange forandringer i planen til før at det var stor ståhei.

jeg syns det var lett leselig innlegg som ga mye god informasjon om klasseledelse. Du kunne jo hatt med noen bilder:)

Hilsen Camilla

Håvard Haga sa...

Hei Line og Camilla:

Bra at dere synes rutiner er viktig. Jeg synes kanskje det er viktig og presisere at rutiner, regler, og interaksjonen med elevene er elementer som alle må til for å skape tillit og forutsigbarhet i skolen. Og omvendt, tror jeg tillit og forutsigbarhet er nødvendig for at rutiner, regler og relasjonen med elevene skal fungere :)

Takk for positive kommentarer!