søndag 30. november 2008

Kroppsøvingsfaget verdi

Fysisk aktivitet er utrulig viktig frå barna byrjar i barnehagen, til dei går ut av vidaregåande. Jau, me vil kanskje presisere at de er viktig for oss heile livet. Sjølv om småskulen legg opp til mykje frileik og aktivitet, er kroppsøvingfaget ein heilt unik arena for veldig mange elevar og må ikkje undervurderast.

«Fysisk aktivitet er viktig for barn, både for fysisk utvikling, men også sin sosial fremvisningsarena: barn som er flinke motoriske er meir populære enn dei som ikkje er så motorisk velfungerande» (Mjåvtn og Aasen Gundersen, 2007)

Sjølv er eg utdanna gymlærar, og har fått eit nytt perspektiv på kreativ tenkning i faget, enn før eg utdanna meg. Om ein er seg bevisst i planlegginga, kan me som lærarar vere med på å stimulere elevane til deira behov så langt det er råd. Det kan vere sansemotoriske, koordinative, eller relasjonsbyggjande øvingar.

Det året eg jobba som sivilarbeidar på Nysæther Ungdomsskule, (etter eg hadde utdanna meg til gymlærar) såg eg essensen av dette faget i skulen. Det var spesielt 3 elevar, alle i 8.trinn, som eg merka meg. Felles for dei var dårlige prestasjonar i dei teoretiske faga, i tillegg til at dei hadde veldig små sosiale nettverk og var innadvende. Eg var heldig nok til å vere med i mange gymtimar på det aktuelle trinnet, og fekk sjå den store forandringa på desse elevane i det dei gjekk inn i gymsalen. Dei var alle flinke i mange aktivitetar og hadde god koordinasjon. Det som overraska meg mest var korleis dei ubevisst byrja og kommunisere på ein heilt annan måte enn på skuleplassen. Her kunne eg sjå potensial for at dei kunne skape seg vener. Ein gymtime vil eg tru redda dagen til desse elevane, og ga dei pågongsmot til å forsetja på dei andre arenaene i skulen. Eg trur ikkje dette er tilfeldig og er også relevant for elevar i småskulen, og vil koma meir tilbake på dette seinare i innlegget mitt.

Etikk:

Både jenter og gutar kan erfare at elevar kan vera brautande og ha ein uakseptabel væremåte i kroppsøvingtimen. Aarestad Hansen (2006) presiserer at om ein ikkje går inn ikkje grip inn i slike situasjonar, er det ein tenesteforsømming som kan føre til at enkeltelevar føler seg mobba og plaga. Her er me ved eit etisk poeng. « Vi er prisgitt hverandre i situasjonen, derfor er vi som faglærere nødt til å veilede elevene slik at dei av egen vilje ønsker å oppføre seg bedre. Dette er en aboslutt verdidom som er gyldig under alle omstender» (Kristensen 2006).

I motsetnad til den frie leiken i friminutta, er kroppsøving f.eks i 1.trinn eit nytt tilvære for mange barn. Dei må no greie og fungere i eit felleskap, der leiken i dei fleste tilfelle, er styrt av lærar. Dei må lære seg å forholde seg til andre, kommunisere med kvarandre, og følge strukturen i økta. Dei skal møte i gangen før timen, gjere omkledning, vente på at døra til gymsalen opnar, og setje seg ned. I sjølve aktiviteten må dei gjere som dei får beskjed om. Dette er ei stor utfordring i småskulen, og er viktig at me tar på alvor! Erfaringane i kroppsøvingsfaget vil forhåpentligvis lære elevane om rettferdighet, måtehald, sjølvbehersking, vennlegdom og mot.

Sjølvtillit og tryggleik:

Eg trur mange av lesarane har fått med seg TV'serien om Tufte IL. Tufteerfaringa kan vere verdt å ha med seg inn i kroppsøvingtimane. « Lærerens evene til å skape trygghet og respekt er grunnleggende i et forhold preget av tillit» Aarrestad Hansen (2006). Me menneske får prøvd oss ut i ulike roller og miljø, medan me er usikre på andre områder. Enno er det ingen som kan alt! Derfor har me alle arenaer kor me er litt utrygge. I kroppsøvingtimane vil det alltid vera nokre som føler seg usikre på korleis dei skal takla dei kroppslige utfordringane som møter dei. Sjølvtillit og tryggleik kan vera grunnar til følgjande scenarioar:

Kvifor er nokre aktive og andre ikkje, når dei får den aktiviteten dei ynskjer?

Kva er det som står på spel, når nokon elevar fortsatt er forsiktig, passiv eller i verste fall ikkje vil delta, sjølv om dei får den aktiviteten som dei ynskjer?

Korleis skal me ta imot dette utrykket?

Me drar tråden litt tilbake til Tufteerfaringa igjen. Den viser os ein trygg og tillitsfull trenar som får innsatsvilje, pågongsmot og rørsleglede tilbake frå spelarane. Det ein gir, får ein gjerne igjen. «I relasjon til kroppsøving blir det vesentleg å trekke lærdom av gode erfaringar kor lærar og elevar er usjølviske og trygge nok tiil å støtte kvarandre» (Aarrestad Hansen 2006). Mine eigne erfaringar gjennom kroppsøving timar, er at eg har ofte fått betre dialog med «dei stille» elevane. Ein god dialog er viktig i eit fag kor ein blottlegg sine styrker og svakheter. Eit godt motto tykkjer eg kan vere; « Hvis ein gir tillit, kan ein også få tillit tilbake».

Aarrestad Hansen peikar på eigne erfaringar, og fortel at når elever tar kontakt og fortel om angst, sjenanse og komplekser i forbinding med lav meistring og kroppslige aspekt, er det fordi kroppsøving vert opplevd som eit tøft fag for nokon (2006) Men elevane vil likevel gjerne vere fysisk aktiv og trene!

I ein sjølvutleverande tillit til faglæraren fortel dei om sine problem, slik at ein saman kan finne ein veg som gjer at dei får noko positivt ut ifrå timane. « En bevisst holdning fra lærere og elever om at alle er inkludert i den sosiale rammen rundt timen betyr mye for elever som føler kroppslig avmakt» (Aarrestad Hansen 2006).

Allmenngyldig?
Eg peikar på kroppsøving som eit utrulig viktig fag, men også fordi at det er noko allmenngyldig i dette. For å ha det bra og fungere godt i livet, er tryggleik og gode relasjonar til dei du har rundt deg viktig, entan dei er i kroppøvingstimane eller på andre arenaer. Når ein kroppsøvinglærar klarar å motivere elevane sine til å yte sitt beste ut ifrå sine forutsetnader, samstundes som det skjer innanfor trygge og tillitsfulle rammer, trur eg det er eit stor sannsyn for at både jenter og gutar, er nøgde og vil delta i kroppsøvingtimane!

Tufte IL:
I eit intervju med Martin Bull Gudmundsen (Haarberg 2006) kom det fram kva han syntes om faget kroppsøving då han var liten. « I gymtimene utviklet jeg meg fra å føle ubehag til å være likegyldig. Jeg var i dårlig form. I gymen legger man vekt på prestasjoner, og man måler elevene mot hverandre. Der kom jeg til kort». Haarberg presiserer at skulen på formidle idealer, men idealene må gjerast substansielle. Ein bør ikkje berre snakke godft, men også gjere «godt». Her har kroppsøving noko og lære frå Tufte (2006). Elevane bør vera oppdratt etter å gjera kvarandre gode. Ein må formidle ei tru på at alle kan lukkast, for trua fører til økt innsats, som igjen aukar sjansen for å lukkast, som igjen forsterker trua for å kunne lukkast. Sjølvtillit blir på ein måte sjølvoppfyllande. Avsnittet ovenfor viser oss også kor sentralt det pedagogiske står i kroppøvingsfaget. Eg vil trekkja fram ein anna person på Tufte IL, Lars Olav Karlsen, for å visa dette. Haarberg (2006) viser til ein uthaldstest dei hadde under opptreninga med laget. « Erik Thorsvedt backet meg opp. Prøv å løpe litt. Du gjorde en kjempeinnsats Lars Olav. Jeg er stolt av deg! I følge Karlsen selv viste han stor innsats, men lav prestasjon. Det er her eg meiner mykje av essensen ligg. Om elevar gir stor innsats ut ifrå sine eigne forutsetningar, skal dei ikkje berre få fortent ros, men også sjansen til å få gode karakterar på lik linje på alle elevar.

I dette fordjupingsinnlegget har eg ikkje fokusert på dei tekniske aspekta i faget. Eg har heller retta fokus på det mellommenneskelege, og kor viktig dette er for å kombinerast fram mot eit mål. Me som studentar treng ikkje vera utdanna kroppsøvinglærarar, for å leia ein time i 1-6 trinn, sjølv om det sjølvsagt er ein fordel. Det som etter mi meining er det viktigaste er korleis me er bevisst i forming av elevane, stimulerar til tryggleik og sjølvtillit, og legg til rette for meistring. Kroppsøvingfaget er ein arena der elevar kan «finne seg sjølv», noko dei er gode til, og motsatt. Noko eg absolutt vil presisera er at kroppsøvingsfaget er ikkje berre å sleppe laus ein ball, og la elevane utfolda seg. Det gjer dei i frimnutta. Det er eit fag som krev plagglegging, og kartlegging. Desto meir me som komande lærarar er førebudd, desto meir legg me tilrette for elevane. Tilpassa opplæring er aktuelt i gymsalen også. Eg har sjølv alltid vore ein veldig engasjert lærar når eg har leia kroppsøvingstimar i praksis og då eg var i sivilteneste. Nokon gongar kan det kanskje bli for mykje, men eg har tru på at dei er betre og vere engasjert og sjå elevane, enn å ikkje gjera det.

Aktualitet:
Kroppsøvingsfaget er meir aktuelt enn aldri før. Herman Sigmundsson (2006) slår fast noko alle veit: Barn vert mindre fysisk aktive! Forskning viser at fysisk inaktivitet aukar sjansen for fedme, diabetes og hjerte-/karsjukdomar (Haaberg 2006) Han fortsetter med noko ikkje alle vil innsjå. Barn blir med stort sannsyn ikkje i betre form gjennom kroppsøvingstimane. Dette kan skuldast at den fysiske aktiviteten i timane ofte har for lav intensitet og for kort varighet. Aktiviteten blir heller ikkje tilpassa alle – for eksempel dei med motoriske problem. Forskning viser at 5-15 % av barna i skolealderen har motoriske vanskar. (Haaberg 2006) Waky waky!! Kroppsøvingstimane bør difor organiserast slik at flest mogleg elevar er aktive. Ingen elev skal stå å sjå på. Difor kan ballspel i lange periodar vere skummelt. Elevane treng variasjon i timane, og aktivitetane bør så langt som det er råd vera meiningsfulle og involverande.

Mi oppfordring til alle stundentane kjem igjennom tre nøkkelord: Inspirere, engasjere og motivere!


Kjelder:
LFF, 2006, " Kroppsøving", Landslaget for Fysisk Fostring i Skolen, nr:3, tidsskrift
LFF, 2008, " Kroppsøving", Landslaget for Fysisk Fostring i Skolen, nr:3, tidsskrift
LFF, 2008, " Kroppsøving", Landslaget for Fysisk Fostring i Skolen, nr:4, tidsskrift





4 kommentarer:

Elisabeth sa...

Hei Håvard!
Jeg er enig med deg i at kroppsøving er et viktig fag i skolen.Ut i fra undersøkelser som blir gjort får vi høre at barn i dag er i mye mindre aktivitet enn før. Ved at barn er i aktivitet allerede i tidlig alder kan hjelpe på motorikken deres.
Da jeg var ute i praksis, fikk jeg se at læreren vår utførte noe som heter "skrivedans". Dette var helt ukjent for meg. Dette gikk ut på at barna laget først bevegelser i luften slik som læreren viste, og deretter bevegelser på papir med fargestifter. Læreren vår fortalte at dette kunne hjelpe barna til å få bedre motorikk og videre bli flinkere til å skrive.

Jeg lærte mye av å lese dette innlegget ditt om kroppsøving. Jeg tror det er viktig som du sier å variere og ikke bare ha ballspill. Her kommer vi innpå tilpasset opplæring, en må treffe alle, og prøve å motivere alle elevene til å oppleve mestring, men jeg tror at dette kan være krevende i noen tilfeller med store klasser.

Stå på videre Håvard, bra jobbet:)

- Elisabeth:)

Håvard Haga sa...

Takk Elisabeth :)

Eg smilte når du nevnte dette om "skrivedans" for det gjorde faktisk øvingslæreren vår i 1.trinn!

Hun brukte bare ikke samme ordet, men jeg ser jo at det kan relaterest til dette emnet :)

Absolutt en kreativ arbeidsmåte :)

Cato sa...

Hei Håvard.

Jeg vil bare få kommentere blogginnlegget ditt, selv om jeg vet at alle frister er løpt ut.

Dette var et veldig bra blogginnlegg!

Jeg har alltid sett på kroppsøvingsfaget som noe negativt i den forstand at dette er et fag som måler barnas motorikk og fysiske prestasjoner.
Likevel ser jeg det positive i det, i og med at mange barn er for lite aktiv både i skole og på fritid.

Det som var veldig fint at du belyste for meg er at kroppsøvingsfaget er mer en selve treningen og mosjonen. Det at du trakk fram sosialiseringsarenaen,motoriske øvelser, det at barna lærer seg å forholde seg til hverandre og støtte, motivere og kommunisere og alle disse andre tingene som du trekker frem som kommer som en direkte positiv følge av kroppsøvingstimene.

I skolen i dag kan vi og se at dette med mosjon er noe som begynner å få en større plass i skolen enn hva det har hatt tidligere.

Dette var et godt og veldig lærerikt blogginnlegg, Håvard! Det viser seg tydelig at dette er noe som engasjerer deg.

Cato.

P.S.
Les gjerne mitt blogginnlegg "-Overvekt - ikke bare et ansvar for enkeltmennesket."

Bertin sa...

Hei Håvard!!

Eg sat å slappa av med nokre blogginnlegg her i dag, og dette innlegget var eit av dei eg leste gjennom.

Først av alt må eg berre sei at eg støttar deg i grunntankane du har om kroppøvingsfaget, men det var ein liten sak eg reagerte på. Du skriv at innsats ut frå føresetnadane bør beønnast med både ros og gode karakterar. At innsats bør belønnast med ros er eg einig i, men i følge LK 06 er ikkje innsats eit vurderingskriterie i kroppsøvingsfaget. Det er for så vidt to sider av samme sak, men i mine auger er det oppnåing av kompetansemål ut frå føresetnadane som er det sentrale her - ikkje innsatsen.

Bertin